-
Camilla Bernt (leiar)
Professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen
Bernt er jurist, og tok doktorgrad om bruk av mekling. Hennar fagområde er sivilprosess, barnerett og god forvaltningsskikk. Ho leiar forskargruppa for sivilprosess og konfliktløysing ved Universitetet i Bergen. Ho jobbar særleg med prosessrettslege spørsmål i barnelovsaker og barnevernsaker. Kompetansen hennar om god forvaltningsskikk vil vere særleg relevant som leiar for dette utvalet, sidan utvalet særleg skal sjå på korleis adopsjonar har vore praktisert, og kva system som har eksistert for kontroll og tilsyn med utanlandsadopsjonar. Ho var sekretær for Fylkesnemndsutvalet, som la fram NOU 2005: 9 Ressursbruk og rettssikkerhet i fylkesnemndene for sosiale saker.
-
Torunn Kvisberg
Lagdommar i Eidsivating lagmannsrett
Kvisberg er jurist, og skreiv doktorgrad innan barnerett, med temaet internasjonale barnefordelingssaker og internasjonal barnebortføring. Ho har tidlegare vore professor ved Høgskolen i Innlandet og tingrettsdommar i Sør-Gudbrandsdal tingrett, samt jobba i Justisdepartementets lovavdeling. Ho har sete i Adopsjonslovutvalet (NOU 2014: 9), Barnelovutvalet (NOU 2020: 14) og Straffeprosessutvalet (NOU 2016: 24). Kvisberg har vore kontaktdomar i Noreg for barnebortføringssaker, og del av Haagkonferansens nettverk for domarar i barnebortføringssaker. Kvisberg deltok vidare som ekspert frå Noreg i Haagkonferansens arbeid med Guide to Good Practice om Haagkonvensjonen 1980 om barnebortføring.
-
Rudolf Christoffersen
Statsadvokat ved Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete
Christoffersen er utdanna sjukepleiar og jurist. Han har tilleggsutdanning i fleirkulturell forståing. Han har vore Noregs representant i GRETA, Europarådets aksjonsgruppe mot menneskehandel. Christoffersen har aktorert ei rekkje menneskehandelssaker, og er ein mykje nytta føredragshaldar om menneskehandel både i Noreg og i utlandet. Han sat i Lovutvalet om negativ sosial kontroll, som gav si utgreiing i juni 2024. Christoffersen har arbeidd i Eurojust European Union Agency for Criminal Justice Cooperation i Haag 2015-2017. Frå 1. september 2023 og tre år framover skal han vere UD sin spesialutsending som sambandsstatsadvokat i Eurojust i Haag.
-
Anne Balke Staver
Forskar ved NIBR, OsloMet – storbyuniversitetet
Staver er statsvitar, med doktorgrad frå University of Toronto innanfor samanliknande offentleg politikk. Doktorgrada hennar undersøkte utviklinga av strengare reglar for familieinnvandring i Danmark, Noreg og Storbritannia. Staver forskar på inntektskrav i innvandrings- og integreringspolitikken frå 1980-talet og framover, og dessutan europeisk asylpolitikk og mottak av flyktningar, og underviser i internasjonal migrasjon og migrasjonspolitikk. Ho er spesielt interessert i forholdet mellom menneskerettar, kunnskap og politikk, og korleis dette får utslag i politikkendring over tid. Staver har arbeidserfaring frå UDI og Politiets utlendingseining, og dessutan sekretariatet for Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC) i Genève.
-
Ketil Eide
Professor ved fakultet for helse- og sosialvitskap, Universitetet i Sørøst-Norge
Eide er sosiolog og har ein ph.d. innan fagområdet internasjonal migrasjon og etniske relasjonar, med tittelen «Tvetydige barn. Om barnemigranter i et historisk komparativt perspektiv». Her samanlikna han korleis innvandringspolitikken har utvikla seg over tid, og korleis Noreg tok imot einslege mindreårige migrantar; med ei utvikling frå frivilligheit til eit byråkratisk og gjennomregulert system. Eide er aktiv forskar både i nasjonale, nordiske og europeiske forskingsprosjekt om barndom og oppvekst, migrasjon, psykisk helse, og barnevern. Eide er også utdanna sosialarbeidar.
Sekretariatet
Jostein Løvoll (sekretariatsleiar) er jurist. Han har permisjon frå stilling som assisterande avdelingssjef hos Sivilombodet, der han har vore tilsett sidan 2012. Frå tidlegare har han mellom anna erfaring frå Justis- og beredskapsdepartementet, og har jobba som dommarfullmektig og advokatfullmektig.
Vilde Fastvold Thorbjørnsen er sosialantropolog og har doktorgrad i medisinsk antropologi frå medisinsk fakultet, UiO. Ho har forska på ulike migrantgrupper i Noreg i spesielt utsette arbeids- og livssituasjonar, og har òg gjort feltarbeid i Karibia. Ho har administrativ erfaring frå fagrørsle og universitetssektoren.
Siri Elisabeth Bernssen er jurist. Ho har doktorgrad i rettshistorie frå det juridiske fakultet, UiB, og har forska på overgrep mot barn i norsk strafferettshistorie. Ho har tidlegare vore personvernombod og har administrativ erfaring frå høgskulesektoren.